Har idretten nokon verdi?
- Skrevet av Joar Kirkelsett
Har idretten nokon verdi?
I mitt verv som leiar for eit idrettslag i ein kommune med svak økonomi, møter eg mange forskjellige personar og nokre av desse gjer meg nokre gonger litt nedstemt. Dette fordi at dei rettar fokuset mot kva idretten kostar og ikkje mot dei positive effektane som resultatet av idretten gjev.
I ein kommune har ein kostnader knytt til anleggsutbygging, drift og vedlikehald. Verdiane av idrettsaktivitetane vert borte fordi kostnadene er synleg på budsjetta, medan verdien av idretten gjennom fysisk aktivitet, sosialt samspel og folkehelse er lite synleg i tala.
Ein kommune har og eit ansvar og legge til rette for auka idrettsaktivitet gjennom å bidra til utvikling, drift og utbygging av nye tidsmessige anlegg. I Vestnes kommune bidreg dei på eit vis, men ikkje på langt nær nok. Vi har gratis halleige til aktivitetane i hallane i kommunen, noko me er evig takksam for. Det er eit lite paradoks at våre lokale bankar og Gjensidige har bidrege meir til idretten i Vestnes enn kommunen dei siste åra.
Ein sit derfor att med ei kjensle om at idretten er ein utgiftspost og ikkje ein verdiskapar for kommunen.
Korleis ser ein den økonomiske verdien av idretten?
Eg skal forsøke å gje noko av svaret med utgangspunkt i Vestnes Varfjell IL.
I VVIL har vi i dag ca. 650 medlemar dei fleste av desse under 18 år. Vi har aktivitetar knytt til 6 ulike idrettar. For å gjennomføre aktiviteten er vi avhengige av frivillig innsats frå foreldre og andre med tilknyting til laget og medlemmane.
Cristine Svoren skreiv i 2010 ei Bacheloroppgåve på Høgskulen i Molde om Moldeidretten, tala som kjem fram der kan og gjerast gjeldande for idretten i Vestnes.
I snitt brukar ein ca. 45,3 timar pr. veke på dagleg drift i eit idrettslag på ca. 400 medlemmar, i tillegg brukar kvar medlem ca. 17 min pr. veke i dugnad for idretten dei er med på. Brukar vi desse tala, så vil Vestnes Varfjell IL bruka ca. 10200 min pr. veke eller 170 timar, på å drive all aktivitet. Reknar vi dette om til årsverk vert det ca. 5,2. Legg vi til grunn ei gjennomsnittleg årslønn i kommunen på ca. 380 000,- (2014) så vert verdiskapinga ca. 2 millionar berre for VVIL.
Om vi legg til grunn at den same frivillige innsatsen vert gjort i alle dei andre idrettslaga i kommunen vert talet nærare 5 millionar pr. år. Dette er idrettens frivillige bidrag til verdiskaping, ein innsats som er vesentleg og bør gi ei forståing av viktigheita idretten har for samfunnet vi lever i.
Korleis kan vi auka den frivillige innsatsen og skapa enda meir verdiar gjennom idrett og aktivitet?
Fysisk aktivitet har stor betydning for befolkningas helse og trivsel. For å oppnå auka fysisk aktivitet må det finns gode moglegheiter for fysisk aktivitet på fritida og i skuletida. Ei viktig forutsetning for å være fysisk aktiv på fritida, er tilgjengelegheit til egna areal og anlegg. Det må skje ei anleggsutvikling som gir moglegheiter for fleirbruk og eigenorganisert fysisk aktivitet. For å få det til må vi tilby innbyggarane våre fleire treningsflater. Vi må bygge anlegg som skapar aktivitet og samhald for alle. Vi må ha eit fritidstilbod som er helsefremmande og av høg kvalitet. Det er planar om å samla ungdomsskulen i kommunen til Helland, ein hall med kunstgrasbane, og et friidrettsanlegg, vil også kunne bli nytta på dagtid av skulane og eventuelt barnehagane. Dei seinare år har vi opplevd at Helland Skule har tatt anlegga ved og rundt Vestnes Idrettspark meir og meir i bruk til kroppsøvingsundervisninga. Vi antar at denne utviklinga vil fortsette om skulane får tilgang til aktivitetsflater og anlegg med godt underlag fleire månader i året. Samtidig er kapasiteten ved Vestnes Idrettspark tøygd så langt det er mogeleg og ein hall med kunstgrasbane hadde avlasta presset og skapt større aktivitet gjennom heile året.
Grunnlaget for dette leggast i dei økonomiske rammene. Dei må vere føreseieleg og gode nok til å stimulera til innsats.
Det er kommunens politikarar som sit med nøkkelen til rammesetnadene, det er viktig å flytte kommunikasjon frå eit kostnadsfokus til eit verdifokus.
Når ein nå ønskjer å samle ungdomskulane i kommunen bør ein og sjå om det skapar fleire behov på andre områder enn berre skule. Betre vilkår for å drive aktivitet gjennom heile dagen og året.
Kommunen burde vært ein større pådrivar og støttespelar for utvikling og tilrettelegging for meir aktivitet og betre folkehelse. Dette er med på å fremje bu lysta i ein kommune.
Idrettens fremste verdi er sjølve idrettsaktiviteten, frivilligheita og dei sosiale arenaer idretten skapar. Folkehelse og sosial meistring er gode døme på dette.
I dagens samfunn er det viktigare enn nokon gong å etablere ei forståing for at idretten har sin eigenverdi. Dei gode vanane idretten er med på å skapa for den einskilde, representerer ein verdi for kommunen og samfunnet. Ved å investera i idretten kan ein spara samfunnet for store utgifter, all forsking viser at betre helse gir betre livskvalitet.
Kjære politikarar og andre ta vare på dei mogelegheitene vi har til fysisk aktivitet og bidra til å utvikla dei vidare til beste for befolkninga i kommunen vi bur i.
Joar Kirkeslett
Leiar Vestnes Varfjell IL