Logg inn

Midt-Norsk Cup i karate på Vestnes 29.09

Laurdag 28. september 2019 arrangerte Vestnes Varfjell IL Kampsport det tredje regionale karatestemnet for Midt-Norge i år, «Midt-Norsk Cup 3». 72 deltakarar frå Rørvik i nord til Tresfjord og Vestnes i sør kjempa i disiplinane kata og kumite.

Det kom også utøvarar frå klubbar i Kristiansund og Molde. Dei yngste konkurrerte først, klassen 7-11 år. Utover dagen heldt dei eldre klassane frå 12 år til og med senior fram.

Gjennom eit omfattande kampprogram viste alle fram eit godt sportsleg nivå, fullt på høgde med det  ungdom frå andre delar av landet er på. Nytt i år på Vestnes var lag-kata, der to lag frå VVIL Kampsport kjempa i Åpen klasse +12 år.

I midten av november er det NM i lag-kata i Oslo, dit sender Vestnes Varfjell ei større tropp. Det var mykje publikum i Vestneshallen, og arrangøren håper alle hadde det triveleg med ivrige utøvarar!

Geir Stokkeland.

 

Sist redigertmandag, 07 oktober 2019 07:59