Logg inn

Vellykka karate-samling på Vestnes 22-23. februar

Vellykka karate-samling på Vestnes

Forrige helg var det for tredje gong kumite (fighting) regionsamling for Midtnorge i regi av Norges Kampsportsforbund. Samlinga i Vestneshallen vart leia av Julie Kristin Karadash. Vestnes Varfjell IL Kampsport stod som teknisk arrangør.

Forbundstrenar Julie Kristin Karadash seier at det er mange talent i regionen, og fleire vil nå langt om treningsvilje og motivasjon ikkje forsvinn. - Vil du satse, må du ta ansvar og trene mykje på eigen hand. Det er ikkje nok med klubbtreningar og regionale samlingar for den som verkeleg vil satse på kumite, seier den tidlegare landslagsutøveren. – Kommune og klubb må tilrettelegge med treningsfasilitetar om det skal lykkast, legg hun til.

Julie meiner at tidleg inkludering av dei yngste er viktig, og har valt å invitere dei minste i alderen 7-11 år til sine samlingar. Regionsamlings prosjektet har eigentleg ikkje dei yngste som fokusgruppe. For å klare å gje eit godt tilbud til alle, har Julie fått med Gjermund Kvernmo Langset som hjelpetrenar på samlingane.

Deltakende klubbar denne gongen var Møre Karateklubb, Molde Shito ryu karateklubb og Vestnes Varfjell IL Kampsport.

Positiv og lærerik kumitehelg på Vestnes, og stas med lunch servert av ein lokal butikk på Vestnes. Neste samling med Julie Kristin Karadash blir i Molde 20.-22. mars.

Geir Stokkeland.