Vestnes Varfjell til karate-NM med ti aktive.
- Skrevet av Geir Stokkeland
- Publisert i Sesongen 2019/20
Vestnes Varfjell IL Kampsport stiller med ei rekordstor tropp på ti aktive under karate-NM individuelt i Sarpsborg kommande helg.
Dei siste åra har VVIL etablert seg stabilt som den fjerde beste klubben på medaljestatistikken i NM og andre nasjonale stemne, berre slått av dei større klubbane i Oslo-området. Også under tilsvarande NM for eit år sidan kom klubben heim til Vestnes med fleire medaljar, håpet er å gjere det bra også i år.
Troppen reiser med fly og tog via Oslo fredag, NM i Sarpsborghallen er laurdag. Først på dag er det kampar i kata (mønster), etter lunch i kumite (fighting). Laurdag kveld er det NM-bankett.
Dei siste par vekene har NM-deltakarane terpa detaljar med trening kvar dag i dojo i Vestneshallen. Bak f.v. William Gjelsten, Sindre You Nilsen, Jarl Kristian Gjerde (coach), Emmi Louise Bøen, Julie Kristin Karadash, Sara Funie Karadash og Alice Lien Engeset. Framme f.v. Framme f.v. Vilde Tomren, Elin Klausen og Eljana Ann Stokkeland. Også NM-klar: Jeanet Katrin Gjerde (ikkje på bildet).
Utanom utøvarane stiller VVIL Kampsport også med Mari N. Karadash som dommar, dessutan coachar og reiseleiarar.
Geir Stokkeland.